Kongsgård elevmållag

Kongsgård elevmållag (KEM) er eit lokallag i den landsdekkjande organisasjonen Norsk Målungdom (NMU). Me i KEM arbeidar for rettane til nynorskelevane på Kongsgård. I tillegg vil me prøve å påverke elevar ved Kongsgård til å halde på nynorsken som hovudmål, eller kanskje til og med byter hovudmål frå bokmål til nynorsk. Medlemma i KEM kan vere med å arrangere aksjonar eller andre tilstelningar lokalt, eller delta på arrangement, aksjonar eller konferansar arrangert av NMU sentralt. Me ynskjer å skapa positive assosiasjonar til nynorsk, ha kjekke og lærerike arrangement, gjera nynorsken meir synleg, og auka interessen for språket blant elevane på skulen.